Entreprenørskap i utdanninga gir nyetableringar

 Nyhet fra kommunalt og regionaldepartementet:
Ei ny undersøking syner at 17 prosent av ungdommar som har vore med i Ungdomsbedrift i vidaregåande skule har etablert eiga verksemd 6-8 år etter.
– Dette syner at satsinga på entreprenørskap i skulen verkar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Undersøkinga syner at 17 prosent av ungdommar som har drive Ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd eller held på etablere dette, mot 13 prosent i kontrollgruppa.  

- Det er imponerande at 17 prosent av ungdommane har etablert eiga verksemd allereie i alderen 24-25 år. Arbeid med UB gir konkret kunnskap om bedriftsetablering. Erfaringa er at dei unge utviklar personlege eigenskapar og haldningar gjennom dette arbeidet. Eg har stor tru på  entreprenørskap i skulen, og legg opp til å auke tilskotet til Ungt Entreprenørskap med 2 millionar kroner til 13 millionar kroner for 2012, seier statsråd Navarsete.

Andre funn i undersøkinga:
• 55 prosent av UB-deltakarane meiner dei har nødvendige kunnskapar og ferdigheiter for å etablere ei verksemd – mot 41 prosent i kontrollgruppa.
• 33 prosent av tidlegare UB-elevar har leiaransvar i dag – mot 25 prosent i kontrollgruppa.
• 46 prosent av UB-deltakarane ønskjer å vere sjølvstendig næringsdrivande – mot 39 prosent i kontrollgruppa.

Nordveggen AS jobber sammen med Rauma kommune sine ungdomsskoler og næringslivet i Rauma med å gjennomføre gründercamp hvert år. Nå har Nordveggen As fått midler til å gjennomføre sommernæringshage, som blir som en ungdomsbedrift, men som gjennomføres om sommeren i stedet for en sommerjobb.

Ved Rauma Videregående skole har de i en årrekke nå hatt elevbedrift som har matlaging som ide.

Gründercamp 2008