Siste folkemøte - oppsummering neste

Dei to siste månadene har det vore arrangert folkemøter og skulemøter rundt om i Rauma. Torsdag 29. april vart det siste folkemøtet arrangert - i denne runden. Målet med møta har vore todelte; Å informere om det arbeidet og dei prosjekta som pågår i regi av Rauma næringslag, Rauma kommune og Nordveggen as.

Det andre har vore å involvere innbyggarane, både ungdomar og vaksne, med innspel, meiningar og idear om den vidare utviklinga av naturgledekommunen Rauma. Alle gruppearbeid og innspel blir no gått igjennom av Nordveggen AS og løfta inn i det vidare strategiarbeidet om kva det skal fokuserast på i 2010 og framover.