Bygdemobeliseringskonferanse på Åndalsnes 26. sept.

 Lokal vekstkraft utviklar bygda – nettverkssamling og konferanse
hoppid.no og Nordveggen AS inviterer til Grand Hotel på Åndalsnes for nettverkssamling fredag 25. september og bygdeutviklingskonferanse laurdag 26. september. Det blir  to dagar med fokus på frivilleg engasjement og lokal vekstkraft.

Laurdag 26. September inviterer vi alle med interesse for utvikling av bygder og småsamfunn til ein open konferanse om bygdeutvikling. Har det noko å seie korleis vi pratar om bygda vår? Korleis kan vi drive effektiv merkevarebygging? Kva kan gjerast for å få folk i tomme hus? Kva betyr nærbutikken for trivsel og busetjing?  Kva gjer regjeringa for å styrke småsamfunna? Det er nokre av spørsmåla våre spennande innleiarar skal drøfte. Vi håper både folk frå frivillege organisasjonar, lokalpolitikarar, kommunane og ikkje minst eldsjeler frå lokalmiljøa møter opp for inspirasjon og ny kunnskap.

Som ein del av småsamfunnsatsinga i hoppid.no er det sett i gang 21 mobiliseringsprosjekt rundt i fylket, der bygdafolket sjølve arbeider med næringsutvikling, trivsel og busetjing.  Deltakarar i desse prosjekta er særskilt invitert til nettverkssamling fredag 25. september.  Nettverkssamling fredag med middag og overnatting er for deltakarar frå bygdemobiliseringsprosjekt, medan konferansen laurdag er open for alle.
Påmelding innan 01. september på www.mrfylke.no/kalender 
Gratis deltaking

Bygdamøte i Isfjorden med engasjerte deltakere