- Prosjekt Gründerhjelp
- Prosjekt Norsk Tindesenter
- Prosjekt NærKontakt
- Prosjekt Profilering
- Prosjekt romsdal.com
- Prosjekt Ytterveggen
- Prosjekt Åndalsnes
- Rauma komunale kraftfond
Ønskjer forslag på kandidatar til Årets Bedrift 2011
Har du forslag til årets bedrift fra Rauma
- så send forslag med informasjon direkte til Møre og Romsdal fylke
- eller send til Nordveggen på solveig@nordveggen.no, så kan vi sende forslag
videre.
Kven fortener utmerkinga “Fylkesprisen
Årets Bedrift 2011”? Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer alle til
å sende inn forslag innan 1. februar.
Årets Bedrift 2011
Møre og Romsdal fylkeskommune deler
kvart år ut “Fylkesprisen Årets Bedrift”. Prisen går til ei bedrift i
Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Formålet
med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til
innsats for samfunnet. Vi oppmodar privatpersonar, kommunar, institusjonar,
organisasjonar og media til å komme med innspel på bedrifter dei meiner
fortener denne prisen.
Forslag leverast fortrinnsvis elektronisk
på www.mrfylke.no,
eller sendast til: Møre og Romsdal fylkeskommune, Regional- og næringsavdelinga,
Fylkeshuset, 6404 Molde.
Frist for innsending: 1. februar 2012
Prisen vert delt ut på Fylkestinget
i april.
Kven kan bli nominert?
Kandidatar kan kome frå alle bransjar
innan industri, handverk og service. Forslag til kandidat må grunngjevast,
og ei kortfatta orientering om bedrifta må følgje med. Økonomi, personalpolitikk,
bedriftsleiing, miljø, profil og internasjonalisering er døme på kva kandidatane
blir vurderte på. Les meir om kriteria på www.mrfylke.no
I fjor gjekk prisen til Gjøco AS. “Bedrifta
har utvikla seg frå å vere ei lokal familiebedrift med rotfeste på Nordmøre,
til å bli den nest største malingsprodusenten i Norge med eksport til både
Sverige og Danmark” heiter det juryen i si grunngjeving.
